Marie Kristin Taklo var invitert til å feire 25-årsdagen sin under den store 25-årsmarkeringa for kong Harald og dronning Sonja i Oslo. Det vart ei oppleving for livet, fortel ho.
Marie Kristin er oppvaksen på Eid, men er no busett i Stryn. Her jobbar ho som miljøterapeut i heimetenesta for funksjonshemma.
Til den store 25-årsmarkeringa i Oslo var ho invitert til å reise saman med fylkesmann Anne-Karin Hamre. Det var regjeringa som inviterte kongefamilien, Stortinget og ei rekkje prominente gjester til ei festførestilling i Universitetets aula.
- Veldig kjekt for ei Nordfjord-jente å få oppleve noko slikt. Eg håpar stryningar og eidarar er fornøgde med representanten sin, seier Marie Kristin.
Opplegget starata med felles lunsj for alle fylkesmenn og 25-åringar.
- Deretter var eg og Chinour Jafi Palani frå Buskerud på utescena på Universitetsplassen og vart intervjua av Erik Solbakken saman med statsminister Erna Solberg, fortel Marie Kristin.
Deretter vart dei losa inn i aulaen ved Universitetet, der det var festkonsert for kongeparet og alle dei prominente gjestene frå inn- og utland.
- Eg måtte knipe meg i armen fleire gongar i løpet av dagen, det var rett og slett ei utruleg oppleving, seier Marie Kristin.
Etter konserten var 25-åringane og fylkesmennene inviterte til ei mottaking i Parkveien 45, regjeringa sin representasjonsbustad.
- Der var vi ei lita stund og mingla med prominente politikarar, som seier heile dagen var ei overveldgande oppleving.
- Eg har fått behalde invitasjon og program som skal rammast inn og hengast på veggen. Eit minne for livet! seier 25-åringen.