Verutsiktene ser lovande ut når rennet Nakkjen Ned blir arrangert for 15. gong på skjærtorsdag.

– Det er brukbare vermeldingar, så vi vil absolutt oppfordre skientusiastar til å kombinere ein artig uformell konkurranse med ei flott naturoppleving. Eg tvilar på om det finst andre fjelltoppar der ein får så «godt betalt» i form av utsikt til fjell, fjord og bygder målt ein sopass lett opptur, seier rennleiar Oddvin Myklebust, leiar i Veten IL.

Fartsrennet med start frå Bergsetnakkjen (1.133 m.o.h.) og innkomst ved Nordfjord Fritidssenter (550 m.o.h.), har vore arrangert kvart år sidan 2002. Det er fleire klassar, alt etter aldersinndeling og val av ulike typar ski og snøfjøl. Arrangøren legg vekt på at det skal vere tilbod for fleire enn dei som stiller i Nakkjen Ned.

– Vi har Mininakkjen Ned for born og kjelkerenn som ein del av arrangementet. Det vert også jobba for å få til fleire aktivitetar i målområdet. På den måten blir Nakkjen Ned eit arrangement som dei fleste vil ha glede av, sluttar Oddvin Myklebust og ønskjer alle velkomne til Nordfjord Fritidssenter i dag.

Når det gjeld talet på deltakarar, veit ein ikkje dette før renndagen, sidan dei fleste melder seg på då. Men arrangørane håpar at både nye og tidlegare deltakarar til å ta turen. Det er preparert løype heilt opp på toppen, så det er enkelt å kome seg opp med eller utan ski på føtene.