Norsk Livredningsselskap åtvarar mot roten is på fleire norske innsjøar før påskeferien startar.

– Vårvarmen har begynt å ta mange stader, og med så sterke svingingar i vêret blir isen lumsk, seier Claire Alfonso, president i Norges Livredningsselskap (NLS).

Mange nordmenn er utandørs i påska, og NLS understrekar at sjølv om det er mykje snø på innsjøane, betyr ikkje det nødvendigvis at isen under er trygg.

– Betre kunnskap om is generelt og alltid ha med ispiggar er ei billig forsikring, seier Alfonso, som ber alle lære seg korleis ein kan redde seg sjølv om ein skulle vere uheldig og gå gjennom isen.

– Ein skal alltid klatre opp på isen same veg som ein kom frå – det er einaste veg ein veit at isen ber. (©NPK)