- Vi er heilt rysta. Heilt utan forvarsel kom tre politibetjentar inn på jobben og berre henta kvinna medan andre såg på. Dette burde det vore mogleg å løyse på ein mykje meir smidig måte, seier kollegaer av kvinna til Fjordingen.

Dei reagerer på at politiet gjekk rett inn og henta kvinna rett frå arbeidsplassen sin.

Kom i sivil

- Politiet kunne i staden fått ein av kollegaene til å hente kvinna til pauserommet vårt, slik at det heile hadde blitt mindre dramatisk. Det hadde heller ikkje gjort noko om politiet kunne gitt oss eit minimum av informasjon om kva som skjedde. På spørsmål frå oss om kvinna kom tilbake på jobb att, fekk vi berre til svar at ho i alle fall ikkje ville kome tilbake den veka, seier kollegaen.

Avviser kritikken

Politiførstebetjent Rolf Knutsen var ein av dei som var med på påripinga av kvinna. Han avviser kritikken frå kollegaene.

- Dette var ikkje noko spesielt. Vi måtte pågripe kvinna der og då fordi involverte i saka ikkje skulle få sjansen til å kommunisere. Mannen som vart pågripen samtidig vart henta inn på same måten, rett frå arbeidsplassen sin. Eg trur folk gløymer alvoret i saka når dei kjem med kritikk for måten pågripinga skjedde på, seier Knutsen.

Les meir i papirutgåva fredag