Med strålande solskinn og knapt ei sky på himmelen, svevar eit mikrofly inn på flystripa på Riise i Stryn. Ut kjem Clare, ein biomedisinsk forskar og Richard Parkinson, ein elektro- ingeniør frå ein stad like utanfor Cambridge i England.

Dei to har brukt ferien sin på eit noko utradisjonelt vis. Dei har floge sitt vesle fly gjennom store delar av Europa, og har no kome til Norge og Stryn. Skjønt, eigentleg skulle dei til Bjorli, men måtte snu på grunn av nokre faretruande skyer litt lenger borte.

Men det let ikkje til at flyparet er spesielt skuffa over at dei måtte snu og lande i Stryn.

Vi har det ikkje travelt. Her får vi jo sjå alt: Nydeleg landskap og fjell. Det minner litt om Skotland, synest Richard Parkinson.

Clare og Richard Parkinson byter på å vere pilot i mikroflyet. Dei har årleg rundt 100 flytimar kvar.

Les meir i papirutgåva måndag

Sjølv om det er trongt om plassen i flyet, er Richard og Clare Parkinson mest opptekne av den vakre utsikta dei får frå flyet. Etter å ha sett Stryn i all sin prakt, er dei klare på at dei må tilbake ein gong.