Laurdag er "mandel-i-grauten-dagen". Stryn Handel let ikkje den dagen gå upåakta hen. Dei riggar seg klare til å servere 1.000 porsjonar risgraut på Per Bolstad plass.

Som i anna julegraut ligg det også ein mandel og lurer i ein av porsjonane denne dagen. Men i staden for ein marsipangris i premie, kan den heldige få med seg eit gåvekort av den solide sorten. Ikkje mindre enn 10.000 kroner vankar den heldige finnaren.