Hadde det ikkje vore for at kalendaren viser 3. januar, kunne ein like godt tru at dette var eit bilde frå sein vår på Bøanedsetra. Men slik blir det når vinterdagane byr på fønvind og mange plussgrader.

Langtidsmeldingane tilseier at det vert sparsamt med snøfall, men der ligg eit håp i at ein får nok kuldegrader til å starte opp snøkanonene. Og som ei trøyst til skifolket: Vinteren er framleis i startfasen og vi kan framleis få ein god sesong.