Statskog ser positivt på at det vert opparbeidd sykkelløype gjennom Videdalen. Dei hadde synfaring sist sommar, og meiner tiltaket neppe vil ha negativ effekt i forhold til beiting og dyreliv.

For friluftslivet og bruken av området kan ein sykkelsti bli ein positiv tilvekst på sommarstid, meiner Statskog. Som grunneigar ønskjer dei likevel at ein del vilkår skal stillast:

Dei ønskjer avtalepart i ein ansvarleg person, skriftlege avtalar om rettar og plikter, løypetraseen skal teiknast inn på kart, og sist men ikkje minst må sykkeltraseen ikkje gå ut over beiting i området. Statskog har leigd ut beiteområde i Videdalen, og konfliktområde må unngåast, skriv Statskog til tiltakshavar.