Motorfestival Stryn samlar mange tusen bil- og motorinteresserte til ei festhelg med bilfokus.

– Vi ønskjer at alle skal ha ei triveleg helg, og minner om at vanlege trafikkreglar gjeld også under festivalen, seier politioverbetjent Vidar Stavik, tenestestadleiar ved Politiet i Stryn.

Dersom du prøver deg på nokon form for burning i paraden, kan du risikere å miste «lappen»

Også inn- og utfartsvegane

Politiet har også i år eit utstrekt og godt samarbeid med Statens vegvesen, UP (utrykkingspolitiet) og arrangørane. I tillegg vil lokalt politi ha fått forsterkingar og vere oppbemanna m.a. med fleire politistudentar.

Politiet stiller såleis med forsterka mannskap og vil vere godt bemanna på inn- og utfartsvegar i tillegg til i sentrum, med fokus på promille, fart og trafikkreglar generelt.

Ingen lemping på lover og reglar

Det ingen lemping på lover og reglar under festivalen. – Vi ønskjer ro og orden, og sikkerheita er i fokus. Det vil til dømes ikkje bli sett mellom fingrane når det gjeld bruk av sikkerheitsbelte eller tal på personar i bilar eller førarhus, heller ikkje i paradane, understrekar Eirik Krossen og Vidar Stavik frå Politiet i Stryn. Det er også verd å merke seg at det er sjåføren som er ansvarleg, til dømes om ein oppstemt passasjer heng ut av bilvindauget og veivar med armane.

Synlege: Politiet vil vere godt synlege, her frå ein tidlegare festival, politibetjent Vidar Stavik, dåverande student Martine Lester Turøy, politibetjent jan Tore Sunde og dåverande student Trine Einevoll. Foto: Gunnhild Sindre

Dette kan i ytterste konsekvens medføre førarkortbeslag og anmeldelse for sjåføren.

– Tipset er difor: Køyr til side og gje beskjed til passasjeren at dette ikkje er akseptabelt, og at dei som gjer dette ikkje får sitje på lenger, seier Stavik.

Sjåføren er også ansvarleg for at bilen er i teknisk god nok stand.

Nulltoleranse for burning

Drikking på offentleg stad eller urinering rundt parkert bil eller buss er ikkje akseptert, heller ikkje når det er motorfestival. Også burning, utanom på innegjerda område under showet, vil bli følgt opp med ein reaksjon, ettersom det medfører stor risiko i store folkemengder, påpeikar politiet. Forbod mot burning gjeld også i paradane. Dersom du prøver deg på nokon form for burning i paraden, kan du risikere å miste «lappen». Alle trafikkreglar gjeld, som under normale omstende, under festivalen.

Politiet stiller med forsterka mannskap og vil vere godt bemanna på inn- og utfartsvegar i tillegg til i sentrum, med fokus på promille, fart og trafikkreglar generelt

Avgrens unødig køyring

– Vi om at folk avgrensar unødig køyring i sentrum utanom paradar og annan organisert aktivitet. Om folk skal halde fram med å køyre runde på runde er dette til hinder for vanleg trafikk som kjem utanfrå og skal gjennom sentrum, seier politioverbetjent Vidar Stavik. – Så køyr ut og slepp trafikken fram! Ingen åtvaringar Og om nokon trur at det er lov å prøve, til dømes med bitte litt burning seg sidan det er festival, så tek dei altså feil.

– Det blir ikkje gjeve åtvaringar eller sett mildare på ting sjølv om det er Motorfestival, understrekar Stavik. – Vi vil ha ordna forhold i høve til orden, forsøpling, hygiene og sikkerheit. Om alle føl reglane, blir det ei fin festivalhelg!