Det kjem fram i ei ny brukarundersøking frå forsikringsselskapet Fremtind.

46 prosent, noko som tilsvarar 2 millionar nordmenn, svarar at dei vanlegvis har på seg jakke eller genser når dei køyrer eller sit i bil. Berre éin av fire nordmenn tek av seg jakka for å sikre at beltet sit rett.

Det er dei yngste som er flinkast på å tilpasse kleda sine for auka tryggleik. 41 prosent seier dei tilpassar seg for å sikre at beltet sit korrekt. Det same er mindre vanleg hos dei eldste. 17 prosent av dei over 65 år svarar det same.

– Både korleis du plasserer beltet, sittestilling og kle kan vere avgjerande for utfallet i ein kollisjon, og dette er det altfor mange som ikkje er klar over, seier Trond Boye Hansen, havariinspektør ved Statens havarikommisjon.

Han opplyser om at belte over jakka kan føre til at beltet hamnar for langt opp på magen som kan gi skadar i buken om bilen krasjar.

Slik festar du bilbeltet rett:

* Bilbeltet skal vere festa tett inntil kroppen og skal liggje stramt nede på hofta og alltid over skuldra.

*Både tjukke jakker og tjukke genserar bør du ta av. Alternativt kan du ta beltet under genseren, så lenge hoftebeltet ikkje glir oppover.

*Pass på at beltet ikkje ligg for langt ut på skuldra, då kan det skli av og ut på overarmen.

(©NPK)