Arve Henriksen, best kjend som jazztrompetist og – komponist, har engasjert seg i å trekkje kunstnaren Rolv Lorentz Muri fram i lyset igjen.
Anerkjend: Rolv Lorentz Muri, busett i Olden, svært anerkjend kunstnar som m.a. fekk Statens garantiinntekt for kunstnarar. Foto frå fjordingen sitt arkiv
Foto: Gunnhild Sindre
Gunnhild Sindre gunnhild.sindre@fjordingen.no
Sist oppdatert:
– Rolv Lorentz Muri er ein gløymd kulturskatt frå Olden som bør løftast fram for komande generasjonar, seier Henriksen.
Skriv: Forfattar og lektor Ove Eide skriv boka om Rolv Muri.
Meir olden: Arve Henriksen, jazzmusikar og komponist, har tidlegare arbeidd med eit Elling Vanberg-prosjekt. No vert det meir Olden, denne gongen med Rolv L. Muri i fokus.
I tillegg til boka vil det også kome ut ein CD med nykomponert musikk som vil stå til eit utval av Muri sine måleri.
Rolv L. Muri er rekna som ein av dei fremste kunstnarane innan moderne norsk kunst. I 1977 vart han ein av dei første som vart tildelt Statens garantiinntekt for kunstnarar, og Nasjonalmuseet/Museet for samtidskunst eig tre av bileta hans.
Muri var fødd på Gjøvik, men busette seg på morsgarden i Olden.