Sogn og Fjordane, Rogaland og Hordaland fylkeskommune diskuterte i«nabomøte» 29. mars vegen vidare for ein ny vestlandsregion. Nostartar arbeidet med ein intensjonsplan, opplyser Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

På møtet stilte fylkesordførarane, fylkesvaraordførarane ogfylkesrådmennene frå dei tre fylka, og bestemte framdrifta forvidare arbeid med ein intensjonsplan. Det er no lagt opp til atfylkesting og fylkesutval i dei tre fylka før sommaren får lagtfram ei statussak der ein godkjenner hovudstrukturen i einintensjonsavtale, samt forhandlingsmandat. Fylkestinga får såintensjonsavtalen til godkjenning i oktober, med eventuelt vedtakom samanslåing i desember 2016.

Hovudkonklusjonen iarbeidet er at ein vil ha ein oppgåvestyrt regionreform-prosess. Ieit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i mars 2016stilte fylkesordførarane i dei tre fylka krav om overføring avfleire statlege oppgåver til ein tenkt vestlandsregion:

• Statensvegvesen sitt regionapparat, med tilhøyrande fylkesfunksjonar.

•Kulturrådet og tildelingar til regionale formål fråKulturdepartementet.

• Kjøp av regionale jernbanetenester.

• Delerav Noregs forskingsråd sine programområde.

• Konsesjons- ogrettleiingsoppgåver frå NVE og anna regionalnaturressursforvalting.

• Dei delane av BUF-etat som ikkje kanleggjast til kommunane.

• Regionale miljøvern- oglandbruksforvaltningsoppgåver som ikkje inneber kontroll og tilsyn.

• Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) sine regionalefunksjonar.

I tillegg ber ein om at dei statlege høgskulane blirvurdert overført til regionane.