I følgje Region Vest sine nettsider er Leon Pavlovic på Stryn suveren toppscorar i 3. divisjon handball for menn. Kroaten står så langt med 83 nettkjenningar, derav eitt på straffekast. Nestemann på lista, Arne Veim Haugland frå Os, står bokført med 58 mål.

Julian Hove står med 40 mål så langt i sesongen, og med det er han nummer fem på toppscorarlista. Andreas Flo Tonning er nummer 15 med 27 mål, Anders Eikenes nummer 24 med 22 mål og Gunnar Lindal Sigurdsson nummer 29 med 18 mål.

Råaste laget

Stryn sitt herrelag er i følgje statistikken det råaste laget i divisjonen. 23 utvisingar, 15 gule og eitt raudt kort har det blitt så langt.

Stryn er også det mestscorande laget i divisjonen, og raudtrøyene ligg godt an til å rykke opp til 2. divisjon.