Denne veka blir busspassasjerar over heile landet kontrollerte for beltebruk, utan å risikere gebyr. Neste gong kan det koste deg 1.500 kroner å gløyme setebeltet i bussen.

I fjor kontrollerte Statens vegvesen 40.500 busspassasjerar, og så mange som 10.000 passasjerar sat usikra, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Dersom alle som sat usikra i fjor hadde fått gebyr ville det utgjort 15 millionar kroner. 3 av 10 busspassasjerar er ikkje klar over at det er påbode å bruke setebeltet i bussen.

Statens vegvesen ønskjer å gjere folk meir medvitne om beltebruk i buss gjennom ein ny storkontroll.

– Neste gong blir det gebyr, fordi vi meiner dette er så viktig at vi må ta i bruk strenge verkemiddel. No er vi ute for å informere, så håpar vi at alle belte er på neste gong vi kjem, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen. (©NPK)