Olden får i 2016 vitjing av 82 cruiseskip. Ein auke på 27 frå 2015.

- Med fulle skip vil passasjertalet kome opp i 135.000. Utifrå erfaringar har vi lagt inn forventa oppfyllingsgrad på 82 prosent. I så fall vil Olden få besøk av 112.000 cruiseturistar i 2016-sesongen, opplyser Sølve Oldeide, driftsleiar i Nordfjord Havn IKS.

Cruisedestinasjonen Olden hadde sin beste sesong nokon gong i  2013. Då var det 93 skip og totalt 138.000 passasjerar.

- Slik det ser ut no, vil rekorden bli slegen i 2017. Då har vi bestilling på 73 skip med total kapasitet 170.000 passasjerar, fortel Sølve Oldeide.

- Kva er årsaka til auken i tal skip og passasjerar?

- Etter lang tids iherdig jobbing frå mange hald, får vi fått innpass hos AIDA CRUISES. Dei har fleire store skip som vil vitje Olden både i 2016 og 2017.

- Når startar årets cruisesesong?

- 4. mai kjem Azura til Olden som første skip. Deretter blir det ytterlegare 81 anløp, seier Sølve Oldeide.

Sølve Oldeide er driftsleiar i Nordfjord Havn. Foto: Gunnhild Sindre