Regjeringspartia saman med Venstre har fleirtal på Stortinget og underteikna før helga ein omforeint utgåve av Nasjonal helse- og sjukehusplan. Då helseminister Bent Høie sendte planen ut til høyring i fjor haust, skapte den rabalder fleire stader i landet. Ikkje minst i og rundt Volda fordi Volda sjukehus var peika ut som eitt av fem lokalsjukehus som kunne miste kirurgisk akuttberedskap.

I den omforeinte planen er kravet til tal pasientar fjerna som kriterium for at eit sjukehus kan behalde akuttkirurgien. Det er bra. Vidare er det presisert at busetjingsmønster, avstand mellom sjukehus, ambulansetenester langs veg, på vatn og i lufta samt verforhold skal vere avgjerande for om sjukehus som i dag har akuttilbod skal behalde desse. Det vert og presisert at slike tilbod skal vere på plass når omsynet til pasienten sine behov gjer dette nødvendig og kvalitet og pasienttryggleik er ivareteke.

Alle desse presiseringane tyder på at regjeringspartia og Venstre har teke inn over seg det massive kravet frå søre Sunnmøre og Nordfjord om at Volda må behalde kirurgisk akuttberedskap. Det kan og tyde på at politikarane har sett kva forskjellsbehandling det ville bli i tryggleik dersom stor-regionen rundt Kvivs- og Eiksundaksen skulle bli fråtekne kirurgisk akuttberedskap og bli tvinga anten til Ålesund eller Førde for å få slike sjukehustilbod.

Likevel seier ikkje sjukehusplanen klart og tydeleg at Volda skal behalde kirurgisk akuttberedskap i framtida. Avtalen H, Frp og V har signert gir sterkare og betre signal enn dei som kom fram i høyringsutkastet, men overlet til helseføretaka å ta endeleg avgjerd. Hadde avtalen vore klar om akuttkirurgi og avtalar som sikrar pasientar å nytte tilboda sjølv om ein må krysse føretaksgrensa, kunne regionen konsentrere seg meir om kvalitet i tenestene enn stadig å måtte kjempe. H, Frp og V burde landa ein avtale som skapte nødvendig ro.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør