I januar i år vart ho teken av politiet etter å ha køyrd bil i ulike sentrumsgater i Stryn med om lag 1,0 promille i blodet. Retten poengterer at almennpreventive omsyn tilseier streng reaksjon, ettersom køyringa har medført betydeleg trafikkrisiko.

Kvinna er ikkje tidlegare straffa eller bøtelagd for promillekøyring. Ho har erkjent forholdet og dermed merverka til for-enkla prosess rundt rettssaka.

Fjordane tingrett har sett straffa til 21 dagar fengsel på vilkår. I tillegg må kvinna betale ei bot på 27.000 kroner. Ho må klare seg utan førarkort i 20 månader, og kan ikkje få førarkortet tilbake før ho har avlagt full ny førarprøve.