- Eg hadde ein kongstanke om å få landa prosjektet i Olden før eg gjekk av som styreleiar i Nordfjord Havn IKS. Men det lukkast ikkje, fastslo Stig Oldeide på cruisemøtet måndag kveld.

Same dag som Nordfjord Havn arrangerte folkemøte i Olden, vart Stig Oldeide skifta ut som styreleiar.

- Då eg reiste innover i dag, var eg styreleiar. No er eg avtroppande styreleiar, meddelte Oldeide ved starten på møtet i Olden skule.

Konfrontert med Arne Sandnes sin påstand om Nordfjord Havn gjennom åra hadde synt liten vlje til å investere i Olden, vedgjekk den avtroppande styreleiaren langt på veg at det tidlegare hadde skorta på vilje, men at dei no ønskjer å få realisert planane i samsvar med det som var hans kongstanke.