Stryn Torg ved senterleiar Victoria Øvstetun kan vise til ein sterk julehandel i desember 2015. Dei 10 butikkane i Stryn Torg (frisørsalongen medrekna) auka samla sett omsetninga si i desember med 9,9 prosent i høve til same tid i fjor.
Kom seint i gong
Øvstetun kan fortelje om ein julehandel som kom seint i gong, men som berre akselererte inn mot juledagane .
- Det eg er mest nøgd med er at antalet kundar i senteret i desember auka like mykje som omsetninga. Det er viktig for utviklinga, seier Øvstetun.
- Kva blir omsetninga i butikkane i senteret på årsbasis i 2015?
- Der vil vi kome ut med omlag 182 millionar kroner i bruttoomsetning, og det blir ein auke på 7 prosent i høve til 2014. Auken i antal kundar var på fire prosent året sett under eitt.
- Nye utfordringar
- Kva er årsaka til at det store trykket først sette inn siste veka før jul?
- Det er vanskeleg å analysere så lenge vi ikkje har sett nærare på tala for november. Elles er det ikkje tvil om at større mobilitet blant folk også viser att på handelen. Fleire stryningar enn før handlar andre stader, og fleire kundegrupper utanfrå handlar i Stryn. Det er klart at nye tider også stiller nye krav til butikkane. Utfordringa med auka netthandel og at folk oftare handlar andre stader er utfordringar som vi må ta på alvor. Dette sjølv om vi ikkje kan stoppe utviklinga, seier Øvstetun.
- Må vere bevisste
- Kva kan butikkane gjere for å møte utfordringane?
- Vi må vere bevisste, vere flinke til å serve kundane, heve servicenivået, vere behjelpelege og knyte tettare band til kunden. Dette handlar om arbeidsplassar. Når det er sagt, er det også handelsbedrifter hos oss som tener pengar på netthandel, seier Øvstetun.
Utanom dei 10 butikkane (frisør inkludert) er det i Stryn Torg også treningsenter, fysioterapi og bank. Det er i dag tre ledige butikklokale.
Fjordingen har også snakka med andre handelsfolk i Stryn og Hornindal. Utan at vi har fått konkrete tal på bordet, er inntrykket at julehandelen generelt var på nivå med handelen før jul i fjor. For nokre litt betre, for andre litt dårlegare.