Tradisjonen tru tok dei yngste speidarane i Stryn på seg nisselua etter nyttår, og ringde pådørene for å be om støtte til eit utviklingsprosjekt som KFUK-KFUMdriv i Tanzania.

- Om lag 40 speidarar var med på aksjonen. Etterrunden ute i det kalde vinterveret, vart det servert velfortentkakao og julekaker til «nissane». Alle var veldig spente på kormange kroner som låg i bøssene og det var ivrig oppteljing, fortel speidarleiar Jarle Hessevik.

Teljinga synte at speidarar hadde samla inn ein flott sum på 12.797 kroner. Dette går til åhjelpe foreldrelause barn i ein liten by i Tanzania.

- Dette er nyinnsamlingsrekord til Global-aksjonen her hos oss. Vi vil seie takktil alle dei som tok godt imot julebukkane og som putta pengar påbøssene, avsluttar Hessevik.