30. mai 2016 skal Eid kommune ha rådgjevande folkerøysting om samanslåing med Gloppen. Men allereie i kveld (22.mars) vert det høve til å gje si stemme.

- Dei som ikkje har høve til å røyste 30. mai eller på førehandsrøystinga, kan gje såkalla tidlegrøyst i samband med kveldens påsketreff i Operahuset Nordfjord, opplyser Eid kommune i pressemelding.

I Eid kan alle som har røysterett ved kommunetyre- og fylkestingvalet røyste, samt dei som fyller 16 og 17 år i 2016.