I morgon er arkitektduoen Elisabeth Sjødahl og Agustin Sebastian tilbake i Stryn for å legge fram modellen av «nye» Per Bolstad plass. I første omgang er det derimot berre arbeidsgruppa som får innsyn i arbeidet.

Sidan landskapsarkitektane frå Worksonland (WOL) besøkte Stryn i august har dei jobba med analysar, idéutvikling og konkrete modellar for korleis dei meiner Stryn sentrum bør utviklast.

- Ja, vi har laga ein modell for Per Bolstad plass, seier Sjødahl. Ho er forsiktig med å røpe for mykje av resultatet frå arbeidet, sidan dette skal sluttførast etter møtet med arbeidsgruppa.

- Blir også eit ope møte

- Alt etter kor mange endringar som eventuelt blir føreslått, vil WOL ferdigstille prosjektet i siste halvdel av oktober. Når prosjektet er ferdigstilt vil det bli teke vidare inn i kommunedelplanen for Langeset – Stryn – Storesunde, fortel plan- og næringssjef i Stryn, Geirmund Dvergsdal.

Han opplyser at det etter kvart også blir høve for andre enn arbeidsgruppa å sjå kva WOL har kome opp med.

- Det vil også bli eit ope møte når prosjektet er ferdig, men dato for dette er ikkje avklart per dags dato, seier han.

Frå workshopen som vart arrangert i Stryn kulturhus i august.

- Ikkje papirprodukt

Sjødahl er oppteken av at endringane dei føreslår skal vere synlege, men samstundes realistiske.

- Vi håpar på stor endring i bruk, men for at dette skal kunne gjennomførast, må det byggje på ting som er der i dag. Det må ikkje berre bli eit papirprodukt, seier ho.