Ved årsskiftet starta Mattilsynet med "smilefjestilsyn". Det er Omsorgsdepartementet som har bede Mattilsynet om å etablere ei nasjonal smilefjesordning i Norge.

Det nye er at resultatet av tilsynet vert uttrykt med eit smilefjessymbol, og at dette vert hengt opp godt synleg frå utsida av serveringsstaden. Symbol vert framstilt med eit smilefjes, ein strekmunn eller surmunn, avhengig av resultatet av tilsynet.

Tysdag var turen komen til SMAK i Stryn, ei bedrift som driv catering og kafé.

- Det er klart ein er spente , det er utruleg kva dei finn frå gang til gang, og dei er nøye og strenge - noko dei bør vere, seier Solgunn Øen ved Smak.

- Elles er det kjekke folk å få i hus, og det er ofte lettare for dei å sjå ting enn vi som går opp i det, legg ho til.

Og tilsynet gjekk fint. Då Rune Otterdal frå Mattilsynet hadde gjennomført sin grundige sjekk, kunne eit smilefjes hengast opp ved inngangen. Dette var det første i Nordfjord, der omlag 100 bedrifter skal besøkjast.