Vik fortel at dei har opplevd sterk pågang frå hyttekjøparar på Sunnmøre etter at Kvivsvegen opna i 2012. Synnøve Overå Hide og Gunnar Hide frå Hareid stadfestar at dei er ein del av kvivsvegeffekten.

– Tidlegare kjøpte folk på Sunnmøre kanskje hytte på Bjorli. Men etter at Kvivsvegen opna, føler eg det har dreia mot Nordfjord. Det er mange i hyttene rundt oss her frå stader som Ulsteinvik og Fosnavåg, fortel Synnøve der ho sit i solveggen på hytta i øvre del av Hydla.

Hytta ligg nesten oppe på Tverrfjellet mellom Stryn og Markane. Hit er det bygd eit nett av vegar med infrastruktur. I vinter har det vore enorme snømengder. Då vi var på besøk, var brøytekantane to meter høge, og ein såg knapt hytta til ekteparet Hide frå vegen. Inne på den overbygde verandaen var det derimot tørt og snøfritt. Då sola og varmegradene kom fram i slutten av mars, var vegen kort frå stova til solveggen med kaffikoppen.

Alle fasilitetar: Det er opa løysing mellom kjøken og stove i hytta til Synnøve og Gunnar Hide. I bakgrunnen er det dør direkte ut på verandaen Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Halvannan time i bil

– Det er om lag halvannan time å køyre frå der vi bur til Stryn. Det er passeleg avstand, og heilt anna klima når du kjem hit. Her kan vi gå på ski frå døra. Det er milevis med flotte skiløyper. Arvid Hatledal i Turløyper Stryn fortener verkeleg ein laurbærkrans, meiner Gunnar.

Ekteparet Hide flytta inn i hytta si rett før jul i 2020. Gunnar er jamvel blitt leiar i Hydla Hytteeigarforening.

Medan kona er lærar, jobbar Gunnar med elektroløysingar for sjømatnæringa. Han fortel at dei har lagt inn fiber i hytta.

– Rett som det er tek eg meg ein tur åleine hit midt i veka og har heimekontor. Her er det stilt og fredeleg, og eg får jobbe effektivt. Det er like raskt nett her som heime.

Plass til alle: Synnøve og Gunnar har tre vaksne barn og eitt barnebarn. – Det er stor nok plass til at alle kan vere her samstundes, seier dei. Her sit dei i sofakroken under sjølvfotografert bilete frå Holsetra. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Familiehytte

Gunnar og Synnøve har tre vaksne barn og eit barnebarn. Hytta er om lag 120 kvadratmeter. No byggjer dei garasje med bodplass for å få plassert meir av ski og utstyr i uteboda.

– Hytta er stor nok til at alle kan vere her samtidig. Borna er spreidd i Hareid, Bodø og Kristiansund. Alle kan bruke hytta. Vi snakka med dei før vi kjøpte, og vi var samde om å kjøpe her. Vi er positivt overraska over kor fint det er her om sommaren også. Hytta blir faktisk mest brukt om sommaren, fortel Synnøve.

Gunnar rosar anleggsarbeidet som er gjort i feltet.

– Det er bygd mykje her på kort tid, og ein kunne forvente at mykje ikkje var i orden. Men der må eg gje skryt til entreprenørane. Dei har gjort seg flid med arbeidet og det ser fint og ordna ut alle stader. Det gjer at det er trivelig å vere her også om sommaren.

Dei to fortel at dei reiste rundt og testa ut fleire stader i området, før dei bestemte seg for Hydla.

– Det var ein venn av oss som ville ha oss med til Fjellsetra i Sykkylven. Vi reiste dit og prøvde ut det, men valde å sjå oss rundt andre stader også. Grunnen til at valet fall på Hydla var ein kombinasjon av reiseveg heimanfrå, fine tilhøve for både langrenn og alpint, det er fint å vere her både sommar og vinter, og det er ikkje langt til sentrum.

Kompanjongane Terje Svarstad (t.v.) og Odd Lunde bygde første hytta i Hydla i 2003 og har meir eller mindre hatt fast arbeidplass i hyttefeltet sidan. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

Hatt jobb i feltet i 20 år

Grunnleggjar av Hydla Otto Vik la ut det første feltet i 2003. No har han selt 140 tomter. Til dei fleste av tomtene har han også selt hytte gjennom Byggtorget som har driv i Vik i Stryn. Dagen etter vi var der, skulle han legge Hydla 4 ut i marknaden. Dette feltet har 60 tomter, slik at Hydla totalt vil få 200 hytter.

Det er eksklusive hytter i feltet. Ifølgje Gunnar Hide vart ei hytte tilsvarande deira selt for 5,5 millionar kroner nyleg. Estimerer ein eit gjennomsnitt på fem millionar kroner per hytte, er det anslagsvis skapt verdiar for 700 millionar kroner med dei 140 hyttene som førebels er bygde i Hydla.

– Vi er opptekne av lokal verdiskapning, og har engasjert lokale verksemder til alt frå planarbeid til grunnarbeid og bygging. Det er folk som byggjer hytter i Hydla no som bygde den første hytta her for 20 år siden, og som har hatt det som arbeidsplass alle desse åra, fortel Vik. Han fortel at det er fire ulike tømrarlag som i stor grad fordeler arbeidet. Vik nemner i tillegg arkitekt Inger Langvik i A-vista, planleggar Åse Bergset i 3D Smia og maskinentreprenør Arvid Hatledal AS som sentrale aktørar i arbeidet.

Verksemda Otto Vik har bygd opp har utgangspunkt i sagbruk og trelasthandel. No leiger han ut bygningsmasse til alt frå treningssenteret Gym Stryn, til bilverkstad, caravansenter og flishandel. I tillegg til trelasthandel og hytteutvikling som han driv sjølv. Det har vore omstilling og endring heile vegen.

Otto Vik er mannen bak Hydla Hyttegrend. Foto: JØRN-ARNE TOMASGARD

– Gudegåve frå møringane

– Det har vore mange utfordringar, men artig. Då vi starta med hyttebygging, rista mange på hovudet, og meinte at no kom eg til å tape det siste eg hadde av pengar. Når det gjeld hyttene, vart Kvivsvegen nøkkelen. Det vart ein ny region då den opna. Vegen kom som ei gudegåve frå møringane. Tidlegare kom møringane med campingvogn eller tok inn på Hotel Alexandra. No kjøper dei hytte. I løpet av ein god time kjem dei til eit heilt anna klima enn der dei bur. Eg trur 80-85 prosent av kjøparane er sunnmøringar som kjem gjennom Kviven.

Sjølv om Vik anslår at det no er kring 450 nye eller planlagde hytter i området med Hydla og Bøanedsetra, og området er regulert i kommunedelplanen for 850 hytter, signaliserer han at Hydla 4 blir det siste feltet for hans del. 62-åringen er med i selskapet som jobbar med å utvikle nye Selje Hotell. Men han avviser at han no reinvesterer forteneste frå hyttebygging i Stryn for å utvikle forretningane til eit større område.

– Grunnen til at eg engasjerer meg i Selje Hotell, er at eg er knytt til staden Selje frå barndommen av. Eg hadde onkel og tante der, og var der mykje. Eg synes det er ein veldig fin plass som fortener eit skikkelig hotell.