Kor mange snøscooterløyve skal det vere i Stryn kommune - og kven skal få lov til å bruke slikt køyrtøy? Svaret får vi når Stryn kommune om to gjennomfører anbodsrunde der alle interesserte kan søkje løyve for denne type transport.

Scooterdiskusjonen kom opp i samband med at Stryn formannskap imøtekom Even Andreas Dispen og Kenneth Sølvberg sine søknader om ervervsløyve. Dispen får fram til 1.januar 2018 løyve til scooterkøyring i området mellom Robjørgane-Vegtun-Hornindal grense, medan Sølvberg sitt løyve gjeld på Nordsida.

- Eg ønskjer ikkje scooter-bonanza og det hadde vore greit om kommunen sette eit tak på kor mange løyve som skal delast ut - og at desse vert lyste ut, sa Torstein Tvinnereim (V).

Ordførar Sven Flo (H) delte ikkje varaordføraren sin skepsis til mange snøscooterløyve. - Svenskane har det og lever godt med det, hevda Flo.

Rådmann Per Kristian Storevik: -Eg har aldri opplevd konkuranse om scooterløyve i Stryn kommune. Men det kan vere greit med utlysing, slik at alle får høve til å søkje. Det kan først skje når gjeldande løyve går ut i 2017.

Sven Flo: - Vi kan i løpet av dei to komande åra lage ein køyreplan på korleis kommunen ønskjer det. Bruken av scooter vil auke - utan at det bekymrar meg. Saka har også eit beredskapsperspektiv.

Torstein Tvinnereim fekk full tilslutning til forslaget som seier at det om to år blir gjennomført anbodsrunde etter spesifiserte kriterium.