Fylkesrådmannen hadde til samferdsleutvalet sitt møte i Gloppen i går tilrådd at Hornindal kommune ikkje skal få løyve til å forskottere 2 millionar kroner for å fullføre reguleringsplanen for fv 60 frå Tomasgard til Røyrhus bru.
Men i møtet snudde samferdsleutvalet i saka.
Senterpariet, Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre sette i fellesskap fram eit framlegg til tilråding der fylkeskommunen godkjenner at Hornindal kommune får løyve til å forskottere 2 millionar kroner til fullføring av reguleringsplanen, og at refusjon av midlane skal skje ved oppstart av første delprosjekt på strekninga, med inntil 2 millionar kroner i høve til faktisk forbruk.
Dersom prosjektet ikkje er starta opp innan 2026, vil forskotteringa ikkje bli tilbakebetalt.
Dette framlegget fekk røystene til Noralv Distad, H, Gunhild Berge Stang, V, Arnstein Menes, Sp, Sigurd Reksnes, Sp, Gunn Sande, Sp, Helen Hjertaas, Ap, Harald Bjarte Reite, Ap og Ole Gunnar Krakhellen, H.
Berre Stein Malkenes, Miljøpartiet De Grønne, stemte for fylkesrådmannen si tilråding om å avslå søknaden.
Saka skal no opp i fylkesutvalet og deretter til fylkestinget for endeleg avgjerd.