I dag startar VM i skiskyting i Holmenkollen, med Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø på startstreken. Stryn Bibliotek markerer VM med ei eiga utstilling.

- Vi trur vi er det einaste biblioteket i landet som kan stille med gutane sine barndomsski, signerte startnummer og huer, seier biblioteksjef Kristin Hatledal, som sjølv i mange år var å sjå i skiløypene med startnummer på brystet og Markane IL på ryggen.

Biblioteket skal også vise dei renna Tarjei og Johannes går på storskjerm, så sant det er i opningstida. Då kan det nok hende at det blir høgare støynivå enn vanleg mellom hyller og arbeidsplassar.

- Om "kollenbrølet" er kjent skal vi nok brøle minst like mykje i Stryn når vi heiar gutane "våre" fram i sporet! seier staben på biblioteket.