Noko tuting mange kunne vore utan og eitt førarkortbeslag for burning. Sett vekk frå desse hendingane, går den niande motorfestivalen i Stryn over i historia som særs vellukka. Så vellukka at Fjordingen sin journalist i dagens avis bruker tittelen «Nok ein sigersparade for motorfestivalen».

Når alle, frå deltakarar, publikum, arrangør, handelsstand og politi er godt nøgde med arrangementet, er det god grunn til å gje ros nok ein gong. Rundt rekna 9.000 menneske besøkte Stryn i helga. Med så mykje folk og så mange køyretøy samla på eit lite geografisk område i løpet av få timar, skal det god logistikk og planlegging til for at alt skal fungere. Og planlegging har det vore. Planlegging og samarbeid. Med den fellesnemnaren at alle har jobba mot same mål: Skape eit vellukka arrangement.

Motorfestivalen er ein alvorleg stor dugnad der dei som står på dag og natt, både før, under og etter festivalen, er dei som sit att med minst forteneste i form av kroner og øre. For mange er det heller ikkje snakk om forteneste, men reine utlegg. I kroner. Derimot reknar dei fortenesta i gode opplevingar for seg sjølv og i det å få vere med på å skape noko som er til glede for andre.

9.000 menneske på besøk i Stryn ei helg legg sjølvsagt att pengar. Mykje pengar. I stadig større grad har dei som driv butikk og serviceverksemder sett verdien av all dugnaden som vert lagt ned for å dra så mykje aktivitet til Stryn. Det er viktig å vere raus med ros når nokon skapar aktivitet. Så kunne då også festivalgeneral Jørn Sønsterudbråten konstatere mange skulderklapp og takk i løpet av helga. Slik skal det vere.

Og neste år er det 10-års jubileum for motorfestivalen. Arrangøren har planar for jubileumsåret, men førebels held dei korta tett til brystet…

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør