På cruisemøtet i Olden fortalde Richard Grov om Hoven-prosjektet. Tor Johan Pedersen, cruiseansvarleg i Innovasjon Norge, er ikkje i tvil om at dette vil bli eit populært tilbod for turistar som kjem sjøvegen.
- Hoven blir ein slager i cruisemarknaden, slo Pedersen fast.
Pendelbana til Hoven skal opnast i mai 2017. Ein sesong der førehandstingingar tilseier at Olden vil få heile 142.000 cruisepassasjerar. Richard Grov meiner Hoven vil styrke Olden som cruisedestinasjon. Han stiller seg også positiv til planane om å skape nye aktivitetar i området.
- Eg er glad for Nordfjord Havn sine idear og vilje til å investere i Olden. Med fleire og større båtar får vi fleire turistar og ei større kake til fordeling. Trafikk avlar trafikk, konkluderte hotelldirektøren.