Ein dugnadsgjeng med trakkemaskin og fleire traktorar har køyrd store mengder snø inn i trekktrase og nedfart ved Hornindal skisenter laurdag. Dermed klarer skisenteret på nytt å opne anlegget etter at dei måttte stenge ned grunna mildver i romjula.

- Mesteparten av snøen vår smelta vekk i mildveret, men vi hadde att ei tynn sole som no har frose skikkeleg. Snøfallet dei siste par dagane gjorde at vi kunne samle saman snø på eit stort jorde nedanfor parkeringsplassen ved skisenteret. Arbeidet med å samle snø starta fredag og i dag har vi hatt ein imponerande dugnad med tre store traktorar i skytteltrafikk for å flytte snø, fortel driftsleiar Amund Sverre Tomasgard. Han rosar dugnadsgjengen og gler seg over at anlegget kan opne og gje tilbod på dagen det er "Open bakke" i heile landet.

- Mange har skaffa seg "Open bakke"-billett hos oss, men vi har sjølvsagt plass til alle som vil køyre på ski. Anlegget er opent frå mast sju og ned, det vil seie om lag 850 meter nedfart. I den øvre delen av anlegget treng vi solid påfyll med snø før vi kan opne att, seier Tomasgard.

Snøen vart samla opp på det store jordet nedanfor parkeringsplassen og køyrd inn i anlegget. Foto: Hornindal skisenter
Ein av traktorane på veg for å hente nytt lass etter å ha køyrd snø opp i nedfarten laurdag kveld. Foto: Hornindal Skisenter