Gamle Strynefjellsveg skulle opna etter vinterstenging 15. juni. Vegen var ferdig gjennombrøyta før helga, men snø og vind søndag sette ein effektiv stoppar for opning måndag. Bilde frå fjellet dokumenterte meir enn godt nok at det korkje var mogleg eller forsvarleg å opne vegen for trafikk.

Ikkje berre snøen, men og det faktum at vegen har grusdekke, utgjer eit problem i forhold til opningstidspunkt. I 2009 vedtok Riksantikvaren å frede Gamle Strynefjellsveg. Av fredningsvedtaket går det fram at Gamle Strynefjellsveg er ei av få strekningar på landsbasis som også skal ha grusdekke i framtida. Vidare heiter det at vegen er eit godt bevart eksempel på veg frå 1800-talet med tørrmurar, hårnålssvinger og stabbesteinar.

Både fylkeskommunen, Skjåk og Stryn kommunar  protesterte mot planane om grus for all framtid då forslaget til verna strekningar vart lagt fram. Riksantikvaren oversåg protestane og gjennomførte verneplanen sin som varsla. På godt norsk ved å overkøyre lokaldemokratiet.

Gamle Strynefjellsveg har stor verdi som nasjonal turistveg. Vegvesenet fortener ros for måten vegen framstår på. Med eitt unntak; det fatale vedtaket om at vegen skal ha grusdekke. Blaut grus er eitt av dei største hindera for å få opna vegen etter vinterstenging. Sjølv om dette er ein nasjonal turistveg, har vegen ein viktig funksjon for dei som driv reiselivsbasert næring i området. Også med tanke på sikkerheit er det viktig med gjennomkøyring dersom vegen frå Tystigen mot Videseter skulle vere stengd til dømes av snøskred. Difor er tidlegare vegopning eit krav frå stadig fleire. Dette ville vere mogleg med legging av oljegrus og litt meir smidig haldning frå byråkratiet. Både for dei som skal vedlikehalde vegen og ikkje minst for trafikantane, er oljegrus betydeleg betre enn grus. Det ligg oljegrus på strekninga mellom Tystigen og Videseter. Difor er det vanskeleg å sjå logikken og fornuften i at resten av strekninga skal ha grus. Dei som bestemmer slikt, bidreg til å gjere kvardagen vanskeleg for mange.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør