I kveld er det endeleg klart for musikalen «A- & B-detektivane og eventyret med lykkesteinen».

Stykket handlar om detektivane Ane og Bernt som legg ut på ei eventyrleg reise for å finne huldretussane sin lykkestein. Tonetuss og Toretuss er også med på ferda. Dei opplever mykje rart og magisk på vegen, som til slutt fører dei til Alveland.

– Heilt sidan byrjinga av nyttår har vi øvd to til tre gongar i veka. Medan denne veka har vi øvd kvar dag. Dette trur eg kjem til å bli veldig bra. Vi gler oss og er svært spente, seier Sara Timurtas.

Regissøren for dette teaterstykket er Karin Gregersen Vik, med total over 30 aktørar på scena.- Øvingane så langt har gått veldig bra. Dei er utruleg flinke og fokuserte, og har lyst til å gjere dette. Eg blir veldig imponert, seier ho.

Margrethe Arntsen som er suffløse seier det har gått bra med øvingane hittil.- Borna har ofte mykje energi. Det er difor ikkje alltid like lett, men dei har vore flinke.

Musikalen er skriven av lokale folk. Torstein Tvinnereim og Jan Nygård skreiv tekst og musikk til musikalen «A- & B-detektivane og eventyret med lykkesteinen» for 15 år sidan. Stryn ungdomslag har fått 15.000 kroner til oppsetjing av denne barne- og ungdomsmusikalen. Pengane kjem frå særskilde kulturtiltak i Stryn kommune.

Andre framsyning er onsdag.