– Vi oppfordrar alle om å møte opp ved Stryn vidaregåande skule i ettermiddag, og vere med på fakkeltog, og etterpå tenning av OL-elden, stafett, kulturprogram og ulike aktivitetar, seier arrangørane i plangruppa.

Fakkelstafetten i samband med Ungdoms-OL på Lillehammer har valt ut Stryn som einaste stoppestad i fylket. OL-elden kjem frå Molde, og skal vidare til Voss etter Stryn. Det historiske arrangementet startar med fakkeltog frå Stryn vidaregaånde skule gjennom Stryn sentrum i ettermiddag. Sjølve fakkelmarkeringa vil gå føre seg utanfor vidaregåande skule litt seinare, med fakkelstafett med påfølgande tenning av OL-elden.

Ingrid Gausemel (Hornindal IL), Aksel M. Meland (Markane IL), Elisabeth Vindfjell (Eid), Tollef Heggen (Hornindal), Lars Kjærvik (IL Bjørn), Miriam Flo (ungdomens idrettsråd i Stryn) og Lorentz Fannemel (nominert til Årets unge eldsjel) skal alle vere med på fakkelstafetten. Fannemel får æra av å tenne elden utanfor skulen, og han skal også vere med som fakkelberar på Lillehammer. I tillegg skal Miriam Flo vere med som funksjonær under leikane.

Publikum vil også få prøve ulike aktivitetar i området rundt skulen. Eit par dansarar og musikarar frå UKM vil også vise nokre kulturelle innslag for publikum.