Sjølv om vinteren er på hell står framleis høgdepunktet for mange skiskyttarar att av sesongen. Torsdag startar nemleg NM på Dombås, og fleire lokale løparar er med.

Nytt av året er at NM startar med stafett. Sogn og Fjordane stiller med eitt damelag og to herrelag.

- No er ikkje laguttaket gjort enno, men det ligg vel i korta at Tarjei og Johannes går saman med Ole Martin Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde på førstelaget, seier Eline Fannemel, som er leiar i skiskyttarkrinsen. På andrelaget er det litt meir uavklart, sidan det her er fleire kandidatar -både i senior- og junioralder. Men Johan Eirik Meland og Jarle Midthjell Gjørven frå Markane er mest truleg klare her.

På damelaget ligg det an til at ei jente frå Hornindal stiller.

- Ingrid Gausemel går truleg her saman med Karoline Erdal og Elise Skeide Bakke, seier Fannemel.

Også dei beste juniorane i landet er samla på Dombås til finale i norgescupen. Her stiller Markane med Aksel Mathias Meland og Hardbagg med Vegard Skrede. Begge i 17- årsklassen.

I NM for seniorane skal det gåast sprint, jaktstart og fellesstart i tillegg til stafetten. I jaktstarten laurdag er det også sett opp kongepokal.