I staden for å fylgje den administrative tilrådinga om å gje Eilert Hilde, Trondheim varig fritak frå buplikta på garden som han har overteke i Innvik, fatta Stryn formannskap samrøystes vedtak som avgrensar fritaket frå buplikta til fem år. ,

- Det er viktig at det bur folk på den tredje største garden i Innvik. Å gje varig fritak frå buplikta har dårleg signaleffekt,  hevda Astrid Drageset Raftevold (Sp).

Eilert Hilde overtok garden i 2015. Eigedomen består av 55,6 da fulldyrka jord, 45,9 da produktiv skog, 5,4 da anna areal og to utmarksteigar på tilsaman 68,3 dekar. Våningshuset på garden er i dårleg stand, og av driftsbygningen står berre murane att. Jordbrksarealet vert drive av fellesfjøsen.

- I samband med at tidlegare eigar søkte om fritak frå buplikt i 2012, var landbrukssjefen på synfaring. Konklusjonen var at huset må totalrenoverast for å kunne nyttast til bustad. Etter den tid har tilstanden truleg forverra seg, går det fram av vurderinga som konkluderte med tiråding om å gje Eilert Hilde fritak frå buplikta.

Astrid Drageset Raftevold gav utrykk for medkjensle med eigaren sin situasjon. Men var også klar på at ho ikkje kunne gå med på framlegget som ville gje varig fritak frå buplikta.

- Storleiken på garden og verdien av landbruksarealet tilseier at fritaket bør tidsavgrensast. Her er mange løysingar for å få framtidig busetnad på denne garden, meinte Astrid Dragset Raftevold.

- Eg ser at eit vedtak som gjev fritak for evig tid, ikkje er til beste for Innvik, sa Torstein Tvinnereim (V). Også dei andre formannskapsmedlemmene gav tilslutning til forslaget om fem års fritak, slik at eigaren får omrømingstid til å innfri kravet til buplikt - eller finne andre løysingar i tråd med Stryn kommune sitt ønskje om busetjing på garden.