Stryn Mek. Verksted vart nyleg kåra til Årets subaruforhandlar i Norge.

Subaru Norge har tradisjon for å samle alle forhandlarar og heidre dei beste prestasjonane ein gong i året.

- I tillegg ønska vi å heidre innsatsen på generell basis, og difor er Stryn Mek. Verksted tildelt Subaru sin ærespris, seier informasjonsdirektør Stian Thrane i Subaru Norge.