Det vert høve til å beundre 33 flotte ungdomar i energisk utfalding på scena, mellom dei Elisabeth Tunold og Ingar Hjelle frå Stryn. Alle er elevar ved Eid vidaregåande skule som har tradisjon med å setje opp ein musikal årleg.

Som vanleg er oppsettinga instruert og regissert av Michael Pavelich.– Han er flott, er ein samstemd ros til Pavelich frå Elisabeth og Ingar.

”Sweeny Todd” er ein musikal som både er alvorsfylt og komisk.

Det er flotte karakterar i rikt monn som fortel om sleipe karaktertrekk, hemnlyst og sjølvsagt kjærleik. Dei unge skodespelarane skapar figurar med stor truverde. Gode songprestasjonar er med og skapar ei fin oppleving. Berre det å syngje falskt på kommando, synleggjer høg musikalitet.