Odd Inge Rand og bandet Jack Stillwater la i fjor ut på litt av ei reise då dei tok til på konseptalbumet «The Farmer Trilogy». No er dei komne fram. Det har blitt ei musikalsk reise med mykje godlyd og ein sjeldan nerve, både i tekst og musikk.

Tematikken i triologien har vore den store utvandringa til Amerika frå midt på 1800-talet og utover. Musikk og tekstar spelar på eit stort register, frå kjenslene ved å rive opp røtene og forlate heimlandet og kjensler omkring det å kunne byrje på nytt «over there», til det reint fysisk og praktisk strabasiøse med den lange reisa over havet.

Høyr Jack Stillwater spele "This farmers life"  live i Nitimen her.

"The Farmer Trilogy" bevegar seg musikalsk i grenselanda rock/contry/folk, sjangerkryssing som passar som hand i hanske for tematikken i "The Farmer Trilogy".  Bandet har då også hausta gode kritikkar med terningkast 4/5 for utgjevingane etter kvart som dei er komne.

Første del, ”The Farmer”, vart slept digitalt i fjor vår. Denne delen starta heime på bygda i Norge, med ”This Farmer’s Life” og ”Harvest Time”. Deretter følgde utferdstrangen, eventyrlysta og påkjenninga med å reise mellom kontinent i ”Sin City Border”, ”Mystery Train” og ”The Coal Miner’s Daughter” i trilogiens andre del, ”The Travel”, sist haust.

Odd Inge Rand frå Stryn er bassist i Jack Stillwater. Foto: Jack Stillwater

I siste del av trilogien, ”The New Life”, er bonden vår komen fram til sitt nye liv I Amerika. Ein krevjande prosess for både bandet og dei skjebnene prosjektet handlar om, vedgår gutta i bandet. Men i presentasjonen av triologien vert det peika på at det er eit godt skjer av lys over uttrykket i «The New Life» gjennom spor som «Shadowlands» og «Don’t Know Where I’m Bound». «The Farmer Trilogy» vart slept på CD 11. mars, og det kjem også ei eksklusiv utgåve på vinyl utpå hausten, opplyser bandet.