Rv 15 Strynefjellsvegen er ikkje inne med ei einaste krone i utkast til Nasjonal transportplan for perioden 2018-2029. Dette var eit kraftig slag i andletet ikkje minst for transportsektoren på Nordvestlandet som er avhengig av god og trygg veg austover både sommar som vinter. Også for personbiltrafikken er Strynefjellsvegen viktig. I juli 2015 hadde vegen ein døgntrafikk på godt over 2.100 bilar, medan årsdøgntrafikken ligg oppunder 900 bilar. Det er eit høgt tal for ein fjellovergang.

At fagetaten ikkje har funne plass til rv 15 i NTP, anna enn verbal omtale om kor viktig vegen er og kva utfordringar han byr på, står i sterk kontrast til dei gjentekne signal samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har gitt for vegstrekninga.

I mars 2014 sa Solvik-Olsen i eit intervju med Aftenposten at regjeringa etter alt å dømme ville gjere alvor av å framskunde bygging av ein heilt ny trasé, i staden for å bruke pengar på oppgradering av eksisterande tunnelar. «Dette er handsama i regjeringa og vegvesenet har fått frist til i haust med å forslå ein ny og betre trasé» sa Solvik-Olsen til Aftenposten. I juni 2014 stadfesta han dette i intervju med Fjordingen. Då sa han og at aust-vest sambandet over Strynefjellet var ein del av vurderinga  for valet av indre E39.

Då Fjordingen intervjua Solvik-Olsen i juni 2015, sa han at tidsbruken har gjort Strynefjellsvegen til ein politisk parodi. Ein parodi han ønskte å gjere kortast mogleg. I juni i fjor uttrykte statsråden håp om å få fram eit grunnlag for beslutning i løpet av hausten same år, slik at avgjerd om linjeføringa kunne takast same år. Dette skjedde ikkje. I staden ligg det no eit framlegg til NTP utan at Strynefjellsvegen ligg inne. Dette er ikkje haldbart, verken for brukarane eller politisk. Pådrivarar på Nordvestlandet må no bruke tida til å argumentere sterkt for å få prosjektet inn i NTP. Men statsråden har sjølv store forpliktelsar å innfri  i forhold til alle positive uttaler han har gitt tidlegare. Gode statsråd: Ikkje la parodien om rv 15 bli fullkomen.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør