Ein mann i 30-åra var sett i arresten etter slagsmål i Stryn natt til søndag. Mannen hadde slege ned to personar. Saka vert vidare etterforska ved Stryn lensmannskontor.

Ein annan mann i 20- åra måtte også takast hand om av politiet, då han nekta å forlate ein utestad i Stryn. Saka er meldt til politiet.