Bompenger mellom Olden og Innvik delte Senterpartiet. Jofrid Rye Hestenes gjekk i mot, Ingolf Folven t.v. og Per Kjøllesdal røysta for. Foto: Ove Sveen

Kommunestyret var heilt samde om trongen for opprusting av vegen mellom Olden og Innvik. Det var vegen mot målet som skapte meiningsskilnad. Dei to fylkespolitikarane Per Kjøllesdal, Sp og Nils P. Støyva, Ap var samde i at bompengar er ei dårleg løysing, men dei såg likevel mulegheiter for å framskunde arbeidet med eit slikt vedtak.

- Vi må ta eit val, og eg er komen til at ein søknad om bompengar med klare krav er det innbyggjarane er best tent med, sa Kjøllesdal.

I prøverøystinga fekk dei Ingolf Folven (Sp) og Kolbjørn Roset (Ap) med på framlegget om bompengesøknad. Men med berre fire røyster var saka avgjort. I den endelege voteringa var det eit samrøystes kommunestyre som gjekk i mot bompengesøknad.

Les meir i papirutgåva

Anne Margrete Tonning, H og Jon Olav Kvamme, KrF fekk fleirtal for nei til bompengar. Foto: Inge Fænn