Harde ord og skuldingar mot både helseminister, stortingspolitikarar, sjukehusaksjonistar og vanlege innbyggjarar då styret i Helse Førde fredag la modellen for spesialisthelsetenesta i fylket i åra som kjem. På bordet låg framlegget frå administrerande direktør Jon Bolstad som gjekk ut på å nedgradere lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal til reine dagsjukehus, men med jordmorstyrt fødestove og sengepost i ein overgangsperiode på Nordfjordeid og ortopedi og sengepost i ein overgangsfase i Lærdal. Prislappen for overgangsordningane var i følgje Bolstad 48,3 millionar kroner årleg. Pengar Helse Førde ikkje har.

Stramma grepet

Etter forslag frå styreleiar Clara Øberg vert det ingen overgangsordningar for lokalsjukehusa. Øberg stramma grepet ytterlegare. Med unntak av dei to tilsetterepresentantane Randi E. Fagereng og Kjell Nygård røysta heile styret for å gå rett på modellen der lokalsjukehusa vert reine daginstitusjonar utan akuttfunksjonar, utan ein einaste sengepost og utan noko som helst slags fødetilbod.

- Eg har to mobiltelefonar som står på 24 timar i døgnet. Ikkje på nokon av dei har eg fått signal om meir pengar for å klare dei lovnadene vi har sett og høyrd om frå sentrale politikarar, sa Øberg som forklaring til det dramatiske forslaget sitt. Her går ho inn for full realisering av sentraliseringsmodellen i løpet av 1. halvår 2012. Og dersom eigaren, det vil i første omgang seie Helse Vest, likevel vel å behalde fleire tilbod ved lokalsjukehusa, ber styret om at dette fullt ut vert kompensert økonomisk.

Styreleiar Clara Øberg vil ikkje svare konkret på om styret i Helse Førde i realiteten stilte sitt eige kabinettspørsmål gjennom det dramatiske vedtaket fredag.

- Eg ville gjort mykje meir ved lokalsjukehusa, men då må vi ha pengar. Vi er lei av sentrale politikarar som meiner mykje om kva vi skal gjere, utan at dei vil snakke om pengar, seier Øberg.

- Går styret av dersom helseministeren til slutt avviser vedtaket de har gjort?

- Då må styret møtast på nytt og ta ein heilskapsvurdering. Meir vil eg ikkje seie no, svarar Øberg.

Les meir i papirutgåva måndag

Styremedlem Rune Larsen meiner helseministeren ikkje veit kva ho lovar når ho garanterer for indremedisinsk akuttberedskap ved lokalsjukehusa. Foto: Bengt Flaten