Nyhende →
Overlass og utslegne tenner i Stryn
Natt til laurdag vart ein bilførar i Stryn ilagt ei bot på 2.000 kroner for å ha køyrt med for mange personar. I bilen som var registert for maksimalt fem, var det sju personar og ein hund. To av personane måtte ta beina fatt. I eit slagsmål på ein utestad i Stryn, fekk ein person slått ut to tenner. Det var også eit tilfelle der ein gjest gjekk til angrep på vaktene på ein utestad.