Stryn T & IL fekk i pausen på Sogndal-Brann-kampen laurdag overrekt ein gåvesjekk på 50.000 kroner frå prosjektet "Gir Tilbake". Sogn og Fjordane fotballkrets opplyser at det kom inn godt over 20 søknader frå heile fylket, og juryen frå Canal Digital, Sogndal og NFF Sogn og Fjordane gjekk for 3-ar bane konseptet til Stryn.

– Idrettsparken, spelarutviklingssuksessen og tilbodet til born og unge var teljande argument. Ikkje minst vil bana vere god til inkluderingstiltak og tilbud til funksjonshemma, for Stryn er gode også der, skriv fotballkretsen på si facebookside, der dei gratulerer "klubben som seier at Alje er med".

– Dette var fantastisk kjekt, seier dagleg leiar i Stryn fotball, John Os, som mottokk sjekken frå Canal Digital.

- Pengane skal brukast til ny 3x3-baner. Desse banene er perfekt utviklingsarena for dei minste borna og skal også brukast av Stryn United. Vi samarbeider med Stryvo om å lage ei slik bane som kan stå ute heile året, det blir kjempebra for Stryn Fotball og borna, seier Os.