Det vart eit sterkt og tankevekkande møte mellom skuleelevar i Olden og foredragshaldar Simen Almås førre veke. Almås besøkte 7.–10. klasse ved skulen og fortalde om to dramatiske hendingar i livet sitt.
To av elevane som høyrde foredraget til Almås var tiandeklassingane Sara Gjertsen og Paulina Sitarz. Dei kan fortelje om eit sterkt møte og mange inntrykk.
Tilbake til livet
– Han snakka om korleis han har kome seg tilbake til livet trass to dramatiske hendingar. Som 13-åring vart han alvorleg brannskadd og fekk varige merke på kroppen. Sjølvbilde og sjølvtillit forsvann, han vart usikker på seg sjølv og sleit med angst og depresjon, seier Sara og Paulina.
Almås var også på Utøya 22. juli 2011.
– Han fortalde kor tungt det var å miste vener, og kva han har fokusert på for å kome seg opp igjen. Han fortalde også kor glad han er for livet, fortel Sara og Paulina, som begge er engasjerte i AUF i Stryn, og begge har vore på Utøya og sett minnesmerka som er der.
Ettertanke
Jentene seier at dei har prata ein del om historiene som Almås fortalde i vennekretsen:
– Vi trur nok at det var litt av meininga med foredraget, at vi skulle prate om det med venene i etterkant.
Almås har vore fleire stader rundt om i landet med foredraget sitt. Både skuleklassar, sanitetsforeiningar, frivilligsentralar med meir har hatt besøk, og tilbakemeldingane har vore gode.
Bygdekvinnelaget spanderte
Det var Olden Bygdekvinnelag som tok initiativ til og spanderte foredraget slik at skuleelevane skulle få sjansen til å høyre Almås sine sterke historier.
– Vi fekk ein førespurnad, og diskuterte det i styret. Vi kontakta skulen som var veldig positive til at elevane skulle få høyre dette, seier Reidun Brynestad i bygdekvinnelaget.
Rektor ved Olden skule, Reidar Bruland, er takksam for bygdekvinnelaget sitt initiativ:
– Vi set stor pris på dette initiativet, og vi vil rette ei stor takk for at elevane fekk høyre dette tankevekkande foredraget.