– Eg kjøpte bilen for eit halvt år sidan, og den er ikkje til sals, fortel Wallentin som er frå Larvik. Bilen er tidlegare eigd av Ove Loen, og då Wallentin kjøpte han var bilen restaurert.

– Eg har berre gjort nokre justeringar for å få han til å gå skikkeleg, seier Wallentin. Fredag var han ein av 26 bilførarar som stilte i 25-års jubileet for 7-seter tur Skei-Geiranger, og med innlagt lunsj-stopp på Visnes Hotel. Gamle bilar med årsmodell frå 1919 og nokre år framover passa godt inn i miljøet ved Visnes Hotel, og lokalbefolkning som oppdaga bilane idet dei svingte inn på tunet stakk raskt bort for å sjå dei mange klenodia.

Staseleg: - Dette er den eldste og nok mest sjeldne bilen på sju-setarløpet, seier John Wallentin beskjedent. Bilen er utstyrt med ein 7,5 liters V8-motor som yter 90 hestekrefter. Foto: Bengt Flaten

Wallentin fortel at bilen hans, Cunningham 1919 modell er den eldste blant bilane i 7-seters løpet. Og dette er første gong den legendariske bilen er med i dette løpet.

Krefter: Motoren i John Wallentin sin 1919 modell Cunningham er ein 7,5 liters V8-ar med 90 hestekrefter. Foto: Bengt Flaten

– Dette er ein bil frå ein fabrikk som leverte det ypperste ein kunne tenkje på den tida. Og bilane var dyre. Kundane måtte sjølv oppsøke fabrikken direkte, for bilane vart ikkje annonserte, og det var heller ingen salskontor. Kjøparane var rikfolk som skodespelarar og andre med mykje pengar mellom hendene. Men faktum er at dei fleste bilane vart selde som gravferdsbilar og ambulansar, fortel John Wallentin.

Bilen han no er stolt eigar av, skal vere den einaste i sitt slag som vart kjøpt ny i Norge. Kjøparen i 1920 var direktøren ved Vestfos Cellulosefabrikk. Bien er utstyrt med ein 7,5 liters V8 motor på 90 hestekrefter.

26 bilar totalt: Sju-seterturen hadde stopp for lunsj på Visnes Hotel, før turen gjekk vidare til Dalsnibba og Geiranger. Foto: Bengt Flaten

– Bensinforbruket på ein slik doning?

– I gamle dagar sa dei at ein liter pr mil pr tonn bil var heilt OK. Denne bilen er i overkant to tonn, og eg brukte litt over to liter på mila då vi køyrde frå Geiranger til Skei. Med andre ord innafor, smiler Wallentin.

Vert og gjest: Arvid Otterdal ved Visnes Hotel hadde gleda av å servere lunsj til Karl Mjelva og dei andre deltakarane i sju-seterturen. Foto: Bengt Flaten

Karl Mjelva var med og starta 7-seter løpa i 1998, og synst dette er ein fin tradisjon.

Primus motorar bak arrangementet: Karl Mjelva t.v. og Ymer Sletten. Foto: Bengt Flaten

– Her er ingen konkurransar, berre treff og moro. Vi møtest for å snakke om problem og utfordringar, men mest glede av å eige slike bilar. Union Hotel i Geiranger har ti restaurerte sju-setarar, alle bilar som vart brukt i turisttrafikken i Geiranger i gamle dagar. Det er bilane som held meg i form, smiler 85-åringen bak rattet i sin Buick.

Veteran: Karl Mjelva er veteran i vetaranmiljøet, men bilane held meg ung, seier 85-åringen og humrar. Foto: Bengt Flaten
I sitt rette miljø: Sju-seterturen hadde stopp for lunsj på Visnes Hotel, før turen gjekk vidare til Dalsnibba og Geiranger. Foto: Bengt Flaten