Linja melde at straumen er borte i Volda kommune. 1.468 kundar var utan straum, klokka 15.06.

– Det har oppstått ein feil i det elektriske nettet som har ført til avbrot i straumforsyninga.

Rundt klokka 18.30 er framleis 764 abonnentar i Hornindal og Markane utan straum.

– Det er problem med å få inn transformator. Det vil difor gå eitt par timar til før kundar er forsynt. Det vil bli omkoplingar i nettet for å forsyne alle kundar i løpet av kvelden, melder Linja.