Rundt i sentrum vil det vere små postar der deltakarane finn bokstavar som til saman utgjer løysingsordet.

Så her er det berre å cruise i veg.

Vil få hint

Radiorebusen for bilfolket er eit samarbeid mellom Motorfestival Stryn, Radio Stryn og Amcar Stryn.

I Radio Stryn si sending vil bilfolket få små hint om kvar dei kan finne ulike postar i sentrum.

Smarte sjeler som tek hintet vil kunne køyre til dei ulike postane, der dei på kvar post vil finne ein bokstav.

Har med bil å gjere

Når dei har funne bokstavane gjeld det å mikse desse saman til eit ord som har med bil å gjere. Deltakarane må deretter ringe inn til Radio Stryn og oppgje løysingsordet.

Det vankar premiar til nokre av dei som greier å finne fram til løysinga i radiorebusen.