Stemninga er god og spent for alle parti som er samla til valvake på Sunnfjord Hotel i Førde. Då dei første prognosane for valet på landsbasis kom, kunne Sogn og Fjordane Høgre sin førstekandidat Bjørn Lødemel slå fast at dei borgarlege sitt mål om regjeringsskifte er klart. Oppteljingsresultat så langt tyder på solid borgarleg siger. Spørsmålet om korleis ein regjeringskabal vil sjå ut, er likevel langt frå klar.

I Sogn og Fjordane tyder dei første kommuneresultata på at Ap, H og Sp får kvar sine mandat. Kven som får det fjerde mandatet som er utjamningsmandat, vert klart når oppteljinga i heile landet er klart. Etter kvart som dei første kommuneresultata har tikka inn, har utjamningsmandadet gått frå Venstre via Sp til KrF.

Gloppen er den første av kommunane i indre og midtre Nordfjord som har klar sine tal. Sp er framleis desidert størst i Gloppen. Partiet går rett nok tilbake med 3,1 prosentpoeng, men har framleis nær 44 prosent oppslutning. KrF gjer eit brakval i Gloppen, opp 8,2 prosentpoeng til 19,8.

Ap går tilbake 3,8 prosentpoeng til 10 prosent. Venstre går fram 5,5 til 8,2, Høgre går tilbake 2 til 7,1 og Frp går tilbake 5,2 til 4,8 prosent.