Janne Bruhn-Henriksen frå Stryn T & IL Sykkel vann kvinneklassen i Nordfjordrittet 2015, etter å ha hatt leiinga på samtlege passeringspunkt undervegs: Nos, Vegtun, Olden, Utvik og Utvikfjellet.

Janne Bruhn-Henriksen i front for ei gruppe syklistar på veg opp frå Verlosvingen i Utvik. Foto: Gunnhild Sindre

Janne Bruhn-Henriksen sykla strekninga Lote-Sandane på sluttida 4.05.14, sju minutt før Hilde Asperheim frå Sogn CK. Ingrid Fjellestad frå Sandane SK var tredje dame i mål, vel 10 minutt bak Janne Bruhn-Henriksen.

Fullstendige resultat finn du her.  Ved å klikke på "valg" kan du velje einskildklassar eller søkje på namn og klubb.